Ta russisk. Russisk.no med etMETODIUS da.

bloggen

Maslenitsa 2013: Oppsummering av «Loppa».

2013-03-10 19:09

Opningsord og orientering på maslenitsafeiringa vår i 2013.

Kjære frammøtte!

Velkommen til den 18. maslenitsafesten i russisk-skulen &METODIUS si 18-årige historie.

Velkomen til spel og blinï. Maslenitsa er eigenleg neste veke — men me har «juksa litt» og har festen idag. Vanlegvis feirar me denne festen i undervisningslokalet vårt. Men i å har me valt å feira det på litt meir offentleg vis.

Kveldens program

  • 1. Skodespelet «Loppa» — eller «Blaaha» på russisk.
  • 2. Og så blinï - det vil seia russiske pannekaker med gjær

1. Skodespelet

Dagens skodespel om «Loppa» vart skrive av Jevgenij Zamiatin, i 1925 og byggjer på russiske folkefortellingar om våpensmeden som smidde skor til loppa. Stykket er amputert og kraftig tilpassa av våre lærar Zoia A. Nikolskaia.

«Loppa» handlar om tre gjøglarar — på russisk «haldei» — som fortel denne forteljinga, der dei sjølve er med, til dykk, publikum, som også er ein del av dette skodespelet. Haldeane, eller gjøglarane, har dermed roller inne i skodespelet:

Rollene:

  • 1) Gjøglar 1 har og rolla som «utanriksminister grev Søtsuppeliksom» pluss at han har rolla som «den engelske våpensmeden Kjemisk-Mekanisk» - Knut Selheim
  • 2) Gjøglar 2 spelar rolla som «eksperten Lækar-Apoteker» - og som omreisande rajåsjnik. Det vil seia at han er omreisande dokketeatereigar - han reiser rundt med ein slags dokketeaterboks som folk kan kikka inn i medan han fortel om det som skjer inne i boksen. Jarle Block Haugland
  • 3) Gjøglar 3 har fylgjande roller: tsarens kurer frå england, ein kjøpmann som er faren til jenta devka Masjka, og sist men ikkje minst er han og medhjelpar i dokketeateret - Geir Kolbjørnsen

I tillegg til desse tri gjøglarane, skal de få møta

  • 4) Tsaren - Ole Johan Haga
  • 4) våpensmed Keivhendt, på russisk «Lefsja», frå Tola by - Emmanuél de Malafósse
  • 5) Dån-kossakk Platåv - Kristina Burova
  • 6) Hoffdame Malafevna - Anja Honolka
  • 7) Jenta Masjka, alias den engelske frøkna Меря - Tone Martinsen
  • 8) Loppa «blaha Nimfasåria» - denne eg har i hånda - blir dansa av Marie Larsgaard
  • 9) Halvskipper / Pålsjkipper, - Peter Larsgaard
  • Og sist men ikkje minst, to veninner i Tola, Signe Rosenlund og Mina Louise Berggren.

Litt om plottet i dettet stykket

Dette er eit humoristisk stykke - eigenleg eit spel. Eit sentralt «problem» i stykket er om den russiske tsaren er underlegen engelskmennene når det gjeld teknikk og mekanikk. For å få svar på dette, tar stykket oss med både til den russiske handverksbyen Tola og til den engelske hovudstaden Låndån. Stykket kviler på «vanlege folk» sine eventyraktige, ironiske og folkelege førestellingar om den russiske tsaren, om forholdet mellom tsaren og folket og om Russland i forhold til andre land, serleg England.

Det heile foregår slik:

  1. Den russiske tsaren vert erta av kureren sin frå England som fortel at engelskmenne seier at den russiske statskassa berre piff i høve til den engelske.
  2. Det må sjølvsagt utanriksministeren, grev Søtsuppeliksom, protestera på. Men tsaren bed grev Søtsuppeliksom om å visa han statskassa. Og når tsaren opnar statskassa, så finn han ei loppa.
  3. men når berre tsaren får tilgang til ekspert, nemleg herr Lækar Apåtekar, viser det seg at det ikkje ei alminneleg loppa - men ei mekanisk loppe av stål - som likevel - sjølvsagt - har eit latinsk namn - «blaaha nimfåsåria».
  4. Men korleis hamna loppa i statskassa? Dån-kossaken Platåv kjenner på seg at han må ordna opp i den folkeforvirringa som «nimfåsåria» skapar. Og kjem til tsaren for å forklara at det var den gamle tsaren som fekk loppa i gåve frå engelskmennene (mot eit vederlag på 1 million russiske sylvrublar).
  5. Og det viser seg at loppa er så fantastisk konstruert at når berre hoffdame Malafevna trekkjer ho opp med dei fine, tynne hoffdamefingrane sine, så kan loppa dansa.
  6. Tsaren sitt problem etter dette vert: Koss kan russiske våpensmedar eventuelt oppgradera denne loppa slik at ho overgår den engelske tekniske kunsten som her er demonstrert? Svaret vert: Jau, ved at kosakk Platåv tek loppa med til byen Tola, der dei fremste russiske våpensmedane held til. «Anten må Tola-våpensmedane slå engelskemennene sine kunster», seier tsaren, «eller so må du Platåv mista hovudet ditt!» Så dreg kosakk Platåv til Tola med loppa.
  7. I byen Tola er det fyrste som skjer at våre eigenlege hovudpersonar, gjøglarane/haldei, kled seg ut som rajåsjåniki og kjem med dokketeaterboksen sin. Blant tilskodarane til denne boksen får me så fleire nye personar i stykket - me får to veninner som oppdagar dokketeateret, og deretter våpensmed Levsja og kjærasten hans devka Masjka.
  8. Når så kosakk Platåv kjem til byen, så lurer han på kven som er den beste våpensmeden der. Og her på dette punktet, når kosakk Platåv spør kven som er best, så må de alle saman svara «Levsja». OK.
  9. So møter kosakk Platåv våpensmed Levsja. Og handverkameister Levsja er villig til å oppgradera loppa. Men det er ein ting Levsja ikkje vil. Han vil ikkje fortelja kosakk Platåv kva han har tenkt å gjera med loppa. Det, seier den gode Levsja, vil han berre avsløra for tsaren når han skal sjå på loppa. «Du fær berre dra vidare med loppa di - me har nok lopper her frå før», seier Levsja til Platåv. Då må Platåv gje seg. Og dermed fær Levsja oppdraget - i laupet av 40 dagar og 40 netter må han fiksa loppa.
  10. Så dreg kosakk Platåv til dei andre Dån-kosakkane - for å sjekka eit par ting. Og så, når han kjem tilbake, og Levsja seier han er ferdig, har han framleis det problemet at Levsja ikkje vil fortelja han kva han har gjort med loppa. Og sidan Platåv er redd for at Levsja berre har lurt han, vert utfallet at kosakk Platåv prøver å *lura* Levsja til å fortelja han kva han har gjort. Metoden hans vert å ta Levsja med til Låndån, til våpensmeden herr Kemisk-Mekanisk der borte. For kosakk Platåv har nemleg stor tru på at engelskmennene skal greia å få dette utav Levsja.
  11. Som sagt, så gjort. Platåv og Levsja kjem til London. Der Platåv på diplomatisk viser helsar våpenmeistrane der bort «bon jour, bon jour, kjære ukristne!», før han gjev våpensmed Kjemisk-Mekanisk, i oppdrag å få løyndomen ut or Levsja. «Dersom du ikkje greier det,» seier kosakk Platåv til Kjemisk-Mekanisk, «ja, så er det rett til Sibir!» Men så hugsar kosakk Platåv på at han jo er diplomat i utlandet — «Øh, nei, pardon, pardon». Og så reiser han tilbake til Sankt-Petersburg for å venta på resultatet.
  12. «Jai ær inglish, du er russisj, og gude cameradi», seier Kjemisk-Mekanisk til Levsja. Utan at Levsja vert noko serleg imponert.
  13. Kjemisk-Mekanisk mobbar deretter Levsja med at «du kan jo ikkje ein gong aritmetikk, du har heilt sikkert berre øydelagd loppa». Då vert Levsja så ivrig at han akkurat skal til å avsløra hemligheita. Men så fattar han seg og kjem med det gode trikset «Unnskyld, men eg må på do».
  14. Dermed må Kjemisk-Mekanisk til med betre triks. Han sender den engelske jenta «Меря» for å lura Levsja. Men denne gongen vert våpensmed Levsja redda av hellet og lukka: Den engelske skipperen, Pålsjkipper (på norsk «Halv Skipper»), dukkar opp, og seglar våpensmed Levsja tilbake til Sankt-Petersburg.
  15. På kaien i Sankt-Petersburg møter Levsja Platåv, som spør etter loppa. Som seier at han ikkje har loppa. Loppa er hos Kjemisk-Mekanisk. Men frykt ikkje. våpensmed Kjemisk-Mekanisk kjem snart, for han er jo på jakt etter Levsja for å finna ut kva han har gjort med loppa (for elles må han jo til Sibir). Og ganske rett - snart dukkar Kjemisk-Mekanisk opp med loppa.
  16. Med loppa under armen og utsikter til å mista hovudet, troppar så kosakk Platåv opp hos Tsaren. Platåv trur rett og slett at ingenting er gjort med loppa. Men tsaren trur ikkje på det - for han har tru på sitt folk. Han bed Platåv om å få loppa. Han fær loppa og ser på loppa, og ser ingenting. Men høyrer musikk: «kven er det som spelar så fint?» «Det er Levsja frå Tola.» «Gå til han,» seier tsaren, «og spør kva me skal gjera». Platåv spør Levsja, og kjem tilbake til tsaren og seier «ein må sjå på loppa med mikroskop!» Lækjar-Apotekar kjem med mikroskop. Tsaren ser. Men ser framleis ingenting. Så seier han at Levsja sjølv må koma. Levsja kjem og fortel kva ein skal gjera. »Du må ikkje berre sjå på loppa generelt, seier han. Du må ta ein og ein loppefot og leggja under mikroskopet. Og ikkje berre sjå på foten, men på hælen av foten. Då skal du få sjå!»
  17. Som sagt, så gjort. Og tsaren ser. Og oppdagar: Loppa er skodd, med små, små hesteloppeskor. Og no er Tsaren sjølvsagt imponert. Han seier til utanriksminster grev Søtsuppeliksom at han skal gje våpensmed Levsja so mange pengar han berre vil ha — og ikkje spara på nokon ting. Og kosakk Platåv er òg fornøgd og tilgjev Levsja. Og so trekkjer tsaren seg tilbake til sine indre gemakker til full musikk.
  18. Og snipp snapp snute, dermed levde Levsja og hans devosjka Masjka lukkeleg alle sine dagar.
LHS

---

Kommentarer er låst for denne artikkelen.